|
Vurderingsformer.
Sette meg ned og leste gjennom kompendiet frå Lars. Trudde forresten
eg hadde fått det med før. Først no gjekk det opp
for meg kva maset frå Lars gjekk ut på. Det er definitivet
knytta til pedagogisk ståstad og problembasert læring.
Ei vurderingsform
knytta til reproduksjon av statiske data, slik eksamensordninga for feks.
IM1 og dels for IM2 er, er knytta til eit instruksjonalistisk læringssyn.
Ei slik vurderingsform er best eigna til å måla kor mykje
informasjon/kunnskap studenten/eleven greier å reprodusera. Dette
vert også fraheva av E.Andresen (1999, sjå
Merka meg muligheten som her ligg for læring ved å tilretteleggja
for ”måling undervegs” . Vegleiarrolla er viktig.
Ut frå beskriving og argumentasjon rundt Olga Dyste sin modell med
- arbeidsmappe
- presentasjonsmappe
- evalueringsmappe
er det verd å merkja seg at uten at denne arbeidsforma er beskrive
og ”akseptert”, vil ikkje dette fungera. Som i mitt tilfelle,
der eg har lagt stor vekt på å dokumentera ting eg har drive
med sjølv, uavhengig av krav til kva eg som minimum burde frå
med meg frå IM2. Trur den diskusjonen for å etablera arbeidsmål
for kurset er veldig viktig.
Ser også at dette med mappeinnlevering slik vi har praktisert det
på IKT-kursa våre ikkje er noko annan enn å spreia den
gamle typen eksamen. Studentane har til dels vore for opptatt av kva må
vi gjera, framfor å sjå på mulighetene for å læra.
Modellen frå Olga Dyste si bok om mappevurdering

|