Trykt i Voldaminne. Årsskrift 2003. Volda Sogelag, s. 190–210.

Den nye «Busetnadssoga for Volda» – eit pionerprosjekt på fleire vis

Av Arnfinn Kjelland

Innhald:

Innleiing

Delprosjekt-organisering

Modellen: brukarregister og grendesoger

Personregisteret («ættesoga») som del av eit nasjonalt utviklingsprosjekt

Illustrasjonar – bilde og kart

«Biprodukt» av prosjektet

Avslutning – framdrift

 

Innleiing

Dei fleste historieinteresserte voldingar har sikkert fått med seg at det har vore arbeidd med ny bygdebokserie i nokre år no. Men kva denne nye serien ­– som har gått under nemninga «Busetnadssoga for Volda» – eigentleg er, har kanskje fleire lurt litt på. Det er kanskje ikkje så rart, for vi har jo fleire andre bygdebokverk for kommunen. Den eldste er «Dalsfjord. Bolk I: Bygda. Bolk II: Gard og ætt», redigert av Sverre Lyngnes og utgjeve samla i 1965/1967. Så kom «Voldasoga. Gardar og slekter», skrive av Per Aarviknes og utgjeve i 3 band i åra 1970–73. Neste serie er «Volda-soga 1800–1945» skrive av Jostein Nerbøvik og hittil utgjeve i 3 band.

Bygdeboksjangeren i Noreg er tradisjonelt delt i to relativt klart atskilte delsjangrar: a) meir eller mindre «allmennsoge», «kultursoge» o.a. nemningar, og så b) såkalla «gards- og ættesoge». Av Volda-seriane fell Dalsfjord. Bolk 1 og Volda-soga 1800–1945 inn under a-kategorien, medan Dalsfjord Bolk II og Aarviknes-bøkene er av gards- og ættesoge-type.

Midt på 1990-talet var Dalsfjordsoga utseld, og det kom opp ønskje om å «rette feil» i den siste kategorien og oppdatere dei med slektsinformasjon opp mot vår tid. Skule- og kulturutvalet i Volda kommune oppnemnde i 1998 ei arbeidsgruppe som skulle vurdere korleis eit slikt prosjekt kunne/burde leggjast opp, inkludert kva det ville koste.

I februar 1999 vart så eg bede om å vere med på eit møte i denne gruppa. Grunnen til det var at blant historikarane ved Høgskulen var det eg som hadde erfaring frå slike prosjekt, m.a. som forfattar av «Bygdebok for Lesja» i 3 band 1987–96. Eg vart beden om å lage eit forprosjekt der alle sider av ei nyutgjeving av gards- og ættesoga for Volda inkludert Dalsfjorden – faglege og økonomiske – vart utgreidd.

I dette forprosjektet – der Olav Myklebust, Gursken, var medarbeidar – vurderte vi kvaliteten på dei gamle bøkene opp mot det ein i dag bør stille som krav til slike utgjevingar, kva prinsipielle modellar ein måtte velje mellom dersom ein valde fullstendig nyskriving av verket og dei viktigaste innhalds- og kostnadsmessige element ein måtte vurdere i samband med slik eventuell nyskriving.

Eit forsøk på økonomisk kalkyle over heile prosjektet kom ut med at kostnadene ville balansere mot utgiftene på 5,4 mill. kr brutto viss ein fekk seld 1900 eksemplar av kvart av dei 5 banda verket kunne delast i. Volda kommunestyre godkjente i møte 25.11.1999 framdriftsplan, budsjett og kostnader slik det vart framlagt, og frå 1.1.2000 har prosjektet vore i gang.

Delprosjekt-organisering

For å prøve å planlegge og kontrollere framdrifta i eit såpass stort prosjekt, vart det splitta opp i fleire mindre delprosjekt. Desse var i utgangspunktet:

1: Prosjektleiing, nemnd, reserver, renter
2: Bruksdeling og ættesoge fram til ca 1960
3: Bustads- og ættesoge etter 1960
4: Grendesogene, samanskriving manus
5: Illustrasjonar: kart, bilete m.m.
6: Kvalitetssikring, ferdiggjering/bokproduksjon
7: Inntekter (boksal), fond, sals-kostnader

Her er det sjølvsagt delprosjekta 2–4 som skal utgjere hovuddelen av bokverket (teksten). Etter kvart er delprosjekta 2 og 3 i praksis slegne saman, og arbeidet blir gjort samla, av Olav Myklebust. Grunnen til at dei i utgangspunktet vart delte var at ein såg på det som galdt tida etter 1960 som ei særskilt utfordring, pga. at informasjonen som skal nyttast her i all hovudsak må samlast inn ved hjelp av skjema utsendt til dei einskilde heimane i kommunen. Det er for så vidt framleis rett, men arbeidet er likevel blitt tettare samanknytt enn først tenkt.

Gjennom dette forsøket på å lage ein samla framdriftsplan med totalkalkyle frå start til mål trur eg den nye busetnadssoga for Volda nok kan kallast eit pionerprosjekt.

Modellen: brukarregister og grendesoger

Bygdebøkene i Noreg har altså vanlegvis vore delt i to hovudgrupper, og det nye Volda-prosjektet skal altså erstatte bøker som tidlegare har vore kalla «gards- og ættesoge».

Denne nemninga er problematisk, av fleire grunnar. Den viktigaste er kanskje at det ikkje er rett å kalle oversynet over personar knytt til gardar og bruk for «ættesoge». Desse oppsetta er stort sett alltid eit register over, eller ei opplisting av, dei menneska som har budd på kvart gardsbruk, plass osv. i «familiar» (omgrepet «dine, mine og våre barn» galdt òg i eldre tid, da pga. høgare dødelegheit). Men opplistinga er prinsipielt ikkje over «ætta» deira. Ein må trass alt hugse på at ei «ætt» er nøyaktig den same berre for svært små grupper, nemleg heilsyskenflokkar. Det er berre nokre få og lite vellykka døme på at bygdebøker har sett opp «ætta» til folk på ein slik måte.

Det som gjer slike opplistingar i bygdebøker til meir eller mindre gode «ættesoger» er i kor stor grad dei er utstyrte med tilvisingar, dvs. til a) kvar det vart av menneske som flytta frå garden, og b) til kvar menneske som kom flyttande til garden kom frå. Dess fyldigare og meir komplette og korrekte slike register og tilvisingar er, t.d. om dei tek med alle menneske som er nemnde i kjeldene og flytting både innan- og utabygdes, desse betre er «ættesoga» i slike bokverk.

For nokre tiår sidan var det akseptert at ein sorterte folk i samband med skriving av bygdebokverk, dvs. at nokre menneske ikkje vart teke med i listene. Det var oftast småkårs- og/eller husmannsfolk, born fødde utanfor ekteskap, menneske som ikkje fekk etterkomarar o.l. det ikkje vart funne plass til. Men i dag er det korkje fagleg eller moralsk akseptabelt å gjere slike sorteringar – det må vere eit klart prinsipp at alle som har sett spor etter seg i kjeldene blir nemnde, utan omsyn til økonomisk eller sosial status i det samfunnet bøkene dekkjer. Så får det bli opp til utgjevar og skrivar kor mykje arbeid ein kan ta seg tid til å nytte til å prøve å identifisere kven t.d. ei «Marit Olsdtr., 80 år, legdkone» som vart gravlagd ein gong på 1700-talet eigentleg var. Ein klarar likevel aldri å løyse alle slike problem, og det må vere heilt fagleg legitimt å la vere å bruke store ressursar på t.d. det eldste, vanskelege stoffet, viss utgjevar vil det.

Dermed ser vi og at første delen av nemninga, «gardssoge», blir mangelfull eller feil; slike verk må ta med all form for busetting, skal kravet til fullstendig og konsekvent behandling av menneska kunne oppfyllast. Det har nok blitt eit mål for dei fleste slike verk dei siste 2–3 tiåra.

Det neste spørsmålet som vi måtte drøfte for Voldaprosjektet var så kva ein skulle gjere med denne gardssoga, tekstelementet i verket. Ein kunne t.d. tenkje seg bøkene gjeve ut heilt utan slik tekst, slik det er gjort med dei første to banda av Ørsta-soga. Men arbeidsgruppa meinte det ville bli ein vesentleg mangel ved verket (også Ørsta-soga planlegg gardssoge, men da i separate band).

Dessutan har Volda trass alt skrivne gardssoger, i dei eldre bygdebokverka. Å revidere desse etter moderne prinsipp, men med tradisjonelt mønster, ville enten bety at ein måtte nyskrive historia til alle bustadeiningane i bygda (medrekna nyare bustadhus), eller – viss ein heldt seg til driftseiningar i jordbruket – medføre at store grupper ikkje fann noko om si historie i bygdebokverket.

Figur 1 BSS-vindu for bustadregisteret. Som vi ser er bustadene ordna s.k. hierarkisk, med kommunen som øvste nivå, deretter bindinndelinga (som sjølvsagt er heilt tilfeldig), så bygdene, namnegardane og så den enkelte bustaden. I Volda-basen er det førebels registrert vel 3.200 slike bustader.

Dermed vart konklusjonen at vi for det nye Volda-verket ikkje skulle revidere eller nyskrive historia om dei enkelte gardsbruka, plassane osv., men i staden skrive småsamfunnshistorie – mindre kapittel om utviklinga i busetnad, folketal, nærings-, organisasjons- og annan utvikling for kvar bygd i kommunen. I denne samanhengen skulle vi leggje hovudvekta på det siste hundreåret, som ikkje er nemnande berørt i dei gamle Voldasoge-bøkene (men til ein viss grad i Dalsfjord bolk I).

Noverande museumsstyrar i Volda, Gunnar Andenes, har vore engasjert for å skrive desse grendesogene. Han har samla storparten av det kjeldetilfanget som skal nyttast, og kjem til å fullføre desse kapitla for band 1 om Dalsfjorden. Ny skrivar for resten av grendesogene er under tilsetting. Grendekapitla vil i hovudsak – når vi ser bort frå sentrumsområdet – følgje dei eldre skulekrinsane.

Eit siste element, som er nokså sjølvsagt i moderne bøker av denne sjangeren, var at dei må illustrerast skikkeleg, med gamle og nyare bilde og kulturhistoriske kart. Konsekvensen av desse drøftingane vart at vi vedtok å kalle det nye bygdebokverket for Busetnadssoga for Volda.

Busetnadssoga er ikkje det første prosjektet som prøver ein slik grendemodell, men så langt vi veit er det berre to andre bygdebokverk som har følgt den like konsekvent, og båe gjeld kommunar på Austlandet (Toten og Nordre Land). Viss vi held oss til vår landsdel, må dermed busetnadssoga for Volda seiast å vere eit pionerprosjekt også på denne måten.

Personregisteret («ættesoga») som del av eit nasjonalt utviklingsprosjekt

Dette (dvs. delprosjekt 2 og 3) er den mest omfattande delen av arbeidet. Det var i utgangspunktet kalkulert til ca 25 % av dei totale kostnadene ved prosjektet. Det er i det hele problematisk å starte slike prosjekt for kommunar som Volda, med såpass omfattande tettstadsutvikling og høgt folketal. Det er sjølvsagt større problem med å få inn den informasjonen ein ikkje kan få frå kyrkjebøker o.a. skrivne kjelder i område med bustadfelt og relativt mykje inn- og utflytting, i høve til meir grisgrendte strøk. Heile gards- og ættesogesjangeren vart i si tid utvikla for lokalsamfunn med busetjing hovudsakleg basert på jordbruksnæringa. Slike samfunn hadde sjølvsagt ein enklare, meir oversiktleg struktur (og mindre folk!).

Utfordringa vi stod ovafor her i Volda var altså å tilpasse arbeidet til desse føresetnadane, utan at arbeidet skulle bli heilt uoverkommeleg. Dette vart i utgangspunktet løyst ved at eg tok initiativet til eit nasjonalt prosjekt for å vidareutvikle eit eldre, DOS-basert dataverktøy frå kring 1990 (i praksis er det blitt heilt nyskrive) for nett denne typen arbeid. Arbeidet med bygdebøkene for Volda (og tilsvarande for Sula) vart kopla til dette utviklingsprosjektet som pilotprosjekt. Utviklinga av dette data/IKT-systemet – som vi har kalla Busetnadssoge (forkorta BSS) – har fått betydeleg offentleg støtte, m.a. frå Kulturrådet og SND, og det har vore i aktivt testbruk på Volda-materialet sidan våren 2002.

BSS-systemet er eit heilt generelt system for å handtere store menger person- og bustadinformasjon frå historiske kjelder, kople saman informasjon som gjeld same person (dåp, vigsel, tilstades i folketeljing, evt. utflytting eller gravferd o.l.) og kople personar til definerte bustader. Sjølve programmeringa blir utført av ein person med røynsle frå slikt arbeid, Ole Martin Sørumgård ved Snøhetta forlag a.s på Lesja (som administrerer arbeidet). Sluttproduktet skal sjølvsagt bli som ei «vanleg» bygdebok, der ein vil finne alle bustader lista opp på ein måte som gjer at ein finn rimeleg lett fram, og der personinformasjonen blir så nøyaktig som muleg innafor dei avgrensingar kjelder og ressursar set.

Figur 2 Søkesystemet i BSS, ved søk på personar med ei eller anna tilknyting til Kornberg- eller Ekornberget-namnet (602 hendingar) og fornamn Lars (36 hendingar). Dei utheva hendingane gjeld truleg ein og same person (Lars Petter f. 1869), men det får ikkje datamaskina lov til å avgjere; til det trengs menneskeleg vurderingsevne. Merk at vi ikkje har med vigselen til Lars, og han var ikkje i Volda ved folketeljinga i 1900. Men eit raskt søk i den landsomfattande internettversjonen av 1900-teljinga som ligg på Digitalarkivet.no syner at Lars og familien budde i Nærstrandsgaden i Stavanger dette året, og at kona og eldste sonen var fødd der.

BSS-systemet har tre hovudelement som ein må forstå for å kunne nytte det. For det første må ein opprette alle bustader (som ein sjølvsagt kan endre på og tilpasse undervegs). Bustadstrukturen må vere s.k. hierarkisk; dvs. ein må ta utgangspunkt i eit samlenivå (kommunen), og så dele dette inn i forskjellige undernivå (band, grend/bygd, namne-/matrikkelgard) ned til den enkelte bustaden (sjå figur 1).

Korleis BSS skal handtere personinformasjonen har vore den store utfordringa. Eit menneske med erfaring frå arbeid med historiske kjelder kan rimeleg lett sjå at ein person som er nemnt i ei dåpsliste eitt år, vigselliste nokre år seinare, i ei folketeljing, som mor eller far ved fleire dåpshandlingar, som arving eller arvelatar i skifte og som gravlagd må ha vore ein og same person.

For å kunne «etablere» slike personar er det naudsynt å ha effektive søkesystem. Det er svært store datamengder som er innlagt i Volda-basen; meir enn 100.000 datapostar, og kvar datapost inneheld mellom 1 og 10 personar. Både personane, relasjonane mellom dei (far, mor born osv.) og bustadinformasjonen må samlast, slik at ein kan søkje på så mange måtar som råd er – først da utnytter ein det datamaskina er flink til på best muleg måte (sjå figur 2).

Å få ei datamaskin til å forstå og utføre slike operasjonar er ikkje lett, t.d. i forhold til dei mange forskjellige skrivemåtane for person- og stadnamn som har vore nytta opp igjennom hundreåra. Derfor er det nok i overskueleg framtid naudsynt med menneskeleg vurderingsevne.

Vi meiner vi har funne løysingar som vi trur er til dels svært arbeidsbesparande. Det er betydeleg interesse for systemet rundt om i landet, og i denne samanhengen er busetnadssoga for Volda definitivt eit pionerprosjekt av nasjonal betydning.

Illustrasjonar – bilde og kart

Moderne bygdebokverk må som nemnt ha gode illustrasjonar, der ein minst tek med både gamle og nye bilde og gamle og nye kart. I tillegg kan det tenkjast ei nyttar grafiske framstillingar for å syne visse utviklingstrekk i bygdene.

Å skaffe bilde til eit slikt verk kan vere omstendeleg. Bilde er mellom anna ikkje utan vidare tilgjengelege; bruken av dei i trykte publikasjonar som bygdebøker er regulert av åndsverkslova, og både fotograf og eigar har visse rettar både økonomisk og til å bli namngjeve. Desse blir det ofte synda mot i lokalhistoriske utgjevingar.

I samband med busetnadssogeprosjektet kom det nokså tidleg opp spørsmål om korleis ein skulle organisere innsamling av bilde. Samstundes fekk prosjektet tilbod om å få tilgang til heile samlinga etter fotografane Nerbøvik – om lag 25.000 bilde i form av negativ frå starten av 1900-talet og fram til 1970-åra. Utfordringa bestod i at det ikkje eksisterte skriftlege register til dette negativarkivet. Eit slikt tilfang av bilde var det ikkje teke særskilt høgd for i forprosjektet for busetnadssoga, og dermed måtte det etablerast eit eige fotoprosjekt i samarbeid med FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal ved leiaren, Ragnar Albertsen. Gjennom dette samarbeidet er heile Nerbøviksamlinga blitt digitalisert, og ei gruppe på ca 20 voldingar gjorde vinteren 2000–2001 eit kjempearbeid med å gå igjennom og skrive opp namn på personar på ca 20.000 av desse bilda. Eit resultat av dette prosjektet var band 3 av Jostein Nerbøvik si Volda-soge, «Løyndom og røyndom» (utgjeve 2001).

I tillegg fann Gunnar Andenes att ei viktig bildesamling i kommunearkivet: ein serie på ca 400 flyfoto i fargar tekne i 1960-åra av Widerøes Flyveselskap. Fargane i desse bilda er no restaurerte, og vi tek sikte på å trykke dei fleste av dei i busetnadssoga.

Men framleis manglar det meir kvardagslege bilde, av folk, gardar, kulturlandskap, næringsliv og anna verksemd i bygdene. Slike er det ikkje så mange av i Nerbøvikarkivet; hovuddelen av bilda der er tekne i atelieret. Dermed vart det vinteren 2001–02 sett i gang eit meir tradisjonelt fotoinnsamlingsprosjekt i Dalsfjorden, med fylkesfotoarkivar Albertsen som fagleg leiar. Her er det no samla inn nærare 2.000 bilde frå heimane som vi kan velje frå når det første bandet skal ferdigredigerast. Vi tek sikte på å sette i gang tilsvarande innsamling i dei andre bygdene etter kvart.

Det siste elementet som må nemnast i denne samanhengen er at det blir laga kulturhistoriske kart der alle bustader i verket skal kunne attfinnast, viss det er nokon i dag som veit kvar dei låg. Desse karta er teikna på grunnlag av det økonomiske kartverket, og vi tek sikte på å supplere det med innsamla stadnamn frå det store fylkesprosjektet som vart gjennomført på 1980-talet. Dermed skulle også desse karta bli eit verdifullt element i det ferdige bygdebokverket.

Busetnadssoga blir for så vidt ikkje eineståande gjennom slik systematisk bruk av bilde og kart, men prinsippet er likevel viktig for å få til eit resultat som Volda kan kjennast ved dei næraste tiåra.

«Biprodukt» av prosjektet

Hovudproduktet av dette prosjektet skal sjølvsagt vere dei fem trykte bygdebokbanda, som alle voldingar bør finne noko av interesse i. Men «biprodukta» bør òg vere av interesse. For Voldasamfunnet får samstundes det eg i nokre samanhengar har kalla eit historisk folkeregister, i fulldigital form med særs gode søkjemulegheiter. Dei trykte bøkene skal sjølvsagt få register, men det vil berre bli etter nokre få utvals- og sorteringskriterium. I den digitale versjonen, som vi vil gjere tilgjengeleg i alle fall for ikkje-nolevande personar, vil ein kunne søkje fram og ta ut person- og slektsinformasjon slik ein sjølv vil.

I tillegg er det som nemnt alt etablert bildesamlingar knytt til prosjektet av særs stort omfang. Innan det er fullført, vil det truleg vere godt over 30.000 eldre bilde av personar og stader i Volda tilgjengeleg i digital form, med gode register.

Eg vil understreke at det skal takast omsyn til personvernet i samband med desse «biprodukta». Den informasjonen som blir samla inn om nolevande personar vil i prinsippet ikkje bli gjort offentleg tilgjengeleg på annan måte enn gjennom dei trykte bøkene. Nett dette prinsippet har vore behandla og godkjent av Datatilsynet.

Eit anna biprodukt av Volda- og Sula-prosjekta er bruken av underliggande data i BSS-systemet til å få svar på andre typar spørsmål enn det som går på slekt. Den norske bygdeboksjangeren inneheld store mengder informasjon om menneskelege relasjonar, flyttingar m.m. gjennom i alle fall dei siste 300 åra. Men det har vore tilnærma umuleg å analysere denne informasjonen, så lenge han berre har vore tilgjengeleg i bokform.

Utsnitt av kulturhistorisk kart over Velsvika for Busetnadssoga (ikkje korrekturlese).

Med BSS ligg den same informasjonen om kvar einaste person, om relasjonane knytt til vedkomande og bustadene/flyttinga ho eller han er registrert med i form av eit sett med ca 40 tabellar. Å analysere desse datasetta kan gje oss betydeleg ny kunnskap om forhold i eldre (og nyare) lokalsamfunn, særleg når vi kan samanlikne det vi finn i eitt samfunn (t.d. i Volda) med andre (t.d. Sula som altså også er under arbeid). Spørsmål BSS i prinsippet vil kunne svare på er t.d. korleis eit gjennomsnitts menneskeleg livsløp arta seg gjennom heile denne perioden, med omsyn på levealder, flyttingar (i alle fall innabygds), registrerte partnarskap (ekteskap), talet på barn, dødsårsakar o.a. såkalla historisk-demografiske spørsmål. Dette er problem ein til ein viss grad har funne delsvar på tidlegare, men ikkje på same måte som det no vil vere muleg.

Eg har fått ei startløyving frå Høgskulen i form av undervisningsfri eitt semester til eit forskingsprosjekt som skal starte dette analysearbeidet. Dermed er den nye busetnadssoga for Volda også i forskingssamanheng eit viktig pionerprosjekt.

Avslutning – framdrift

Mange lurer nok på når bøkene kjem. Vi er allereie på etterskot i høve til den framdriftsplanen som vart sett da kommunen vedtok han i 1999. Det er fleire grunnar til det – viktigast er kanskje at utviklinga av BSS-systemet har teke lenger tid enn vi hadde von om (slik datautviklingsarbeid ofte gjer). Arbeidet med kart og bilder har teke lenger tid, og det har vore vanskeleg å avgrense arbeidet med kjeldeinnsamling til grendesogene innafor den tidsramma som opphavleg vart sett. Kjeldetilfanget for 1900-talet er trass alt mykje større enn for eldre tid.

Arbeidet både med samankopling av personane i BSS, grendesogene bilda og karta held fram, og det må skje noko alvorleg knytt til eitt av desse delprosjekta viss ikkje i alle fall band 1 skal vere klart i 2004. Vonleg vil vi òg kunne få ut band 2, som skal dekkje Folkestad, Kilsfjorden og Bjørkedalen. Her må det rett nok til eit liknande bildeinnsamlingsprosjekt som det vi har gjort i Dalsfjorden. Likeeins ser vi for oss at sluttarbeidet med sentrum vil krevje noko ekstra tid. Men vi trur voldingane kan sjå fram mot eit bygdebokverk dei vil bli nøgde med.