Busetnadssoge (BSS) – demoversjon

Ein demoversjon av BSS er no tilgjengeleg for kjøp. Prisen er kr 200,- + mva.

Bestilling sender ein til Snøhetta forlag a.s ved Ole Martin Sørumgård, oms@snohetta.no

Demoversjonen kjem på ein CD som inneheld:

·         Programmet komplett med all funksjonalitet bortsett frå importrutinane

·         Installasjonsprosedyrar

·         To demo-databasar med kjeldedata frå Lesja prestegjeld, og desse filene:

o   kyrkjebøkene: dødfødde 1820–1854

o   kyrkjebøkene: døypte 1820–1900

o   kyrkjebøkene: gravlagde 1820–1900

o   kyrkjebøkene: innflytte 1820–1888

o   kyrkjebøkene: konfirmerte 1820–1900

o   kyrkjebøkene: utflytte 1820–1888

o   kyrkjebøkene: vigde 1820–1900

o   dødsbuskifte 1820–1843

o   folketeljinga 1865

o   folketeljinga 1875

o   folketeljinga 1900

·         Brukarrettleiing (ligg òg her som html). Brukarrettleiinga inneheld detaljert rettleiing i korleis ein nyttar BSS på desse datasetta.

Snøhetta tilbyr ikkje omfattande brukarstøtte til kjøparar av demo-versjonen. Men ein kan spørje om detaljar i form av e-post til oms@snohetta.no, og vil da få svar så snart det høver. Svar blir gjeve under føresetnad av at vi kan – dersom det er relevant – legge både spørsmålet (anonymisert) svaret ut som s.k. OSS-fil (ofte stilte spørsmål) på denne vev-sida.

Utlagt 2.2.2005