Døme frå systemutviklinga: dokumentasjon diagram 1 Stader

Diagram 1: stader                                                                   17.03.02

Stad                                                                                          14.03.02


Representerer stader i vidaste forstand, i samsvar med definisjonane og beskrivinga i GB 2.6.

Tabellskjema 1

Omfattar stader av typen bruk, bustader, geografiske område m.m., i tillegg til reint strukturelle objekt av typen «prosjekt», «kapittel» osv. Slik kan ein generell, hierarkisk  trestruktur byggast opp (òg nemnt bustadstruktur). Nodene i treet tilsvarar ei stadeining, og ein ’preorder’ traversering av treet gjev rekkjefylgja einingane skal ordnast i ved utlisting.

Klassa Stad omfattar altså einingar som representerer meir enn det ein til vanleg legg i omgrepet ’stader’. Sjølve trestrukturen blir beskrive ved å definere stadeiningar med iterative relasjonar til seg sjølv. Kvar eining S i eit sett (dvs. node i treet) har referanse til den eininga som tilsvarer fyrste subnode til S i treet, og til eininga som tilsvarer neste søskennode til S i treet.

Attributt

Forklaring

StadID

unik identifikasjon av kvar stadeining

StRef

representerer type stadeining, sjå forklaring nedafor

SnRef

ev. referanse til nemningeining, sjå Stad: Nemning

SsRef

ev. referanse til statuseining, sjå Stad: Status

SubS

ev. referanse til stadeining som tilsvarer fyrste subnode (child) i bustadstrukturen

NesteS

ev. referanse til stadeining som tilsvarer neste søskennode (sibling) i bustadstrukturen

Historie

ev. historie knytt til staden

Merknad

ev. merknad knytt til staden

Fleire av eigenskapane som nyttast for å beskrive stader, er definert i eigne klasser eller subklasser med referanser attende til Stad. Dette gjeld m.a.:

namn, namneformer            sjå Namn

adresse                                sjå Stad: Adresse

hovudnummer                     sjå Stad: Nummer

eksterne dokument              sjå Stad: Dokument

brukshendingar                    sjå Hending

bustaddelar                          sjå Stad: Bustad

persongrupper                    sjå Stad: Gruppe

I tilknytning til Stad bør det òg utviklast to andre klasser: Matrikkel (for å representere m.a. eigedomsdata og landskyld) og Korrektur (styring av manusutsending for korrektur av stader/familiar).

Attributten StRef typedefinerer stadeiningane slik:

StRef

Nemning

Forklaring

Substader

0

‘’

ukjent type (ikkje nytta)

Æ

1

‘Prosjekt’

t.d. eit bygdebokprosjekt, kvar bustadstruktur ha ei og berre ei eining av denne typen, som ’rotnode’

{2¼8}

2

‘Seksjon’

seksjon eller hovuddel av prosjekt, t.d. bind i eit bokverk

{2¼7}

3

‘Kapittel’

tilsvarar eit kapittel e.l. i eit bygdebokprosjekt

Æ

4

‘Område’

representerer eit geografisk område, t.d. ei grend, ålmenning e.l.

{3¼5}

5

‘Namnegard’

tilsvarar eit geografisk område som utgjer ei naturleg gruppering av bustader, som t.d. ein ’ekte’ namnegard, ein mindre tettstad, ei gate e.l.

{3, 6, 7}

6

‘Bustad’

eit geografisk område eller punkt som det kan knytast busetting til, t.d. gardsbruk, ein einebolig, husmannsplass osv.

Æ

7

‘Eigedom’

eit geografisk område eller punkt som er matrikulert, dvs. som har eige grunnboksinnførsel, utan busetting

Æ

8

‘Eksternstad’

geografisk område eller punkt som ligg utanfor det definerte prosjektområdet, men som det er nødvendig å knyte busetting til

{3, 8}

Brukaren kan vedlikehalde settet med stadeiningar fullt ut (oppretting, endring, sletting), men det er eit krav at settet alltid inneheld ei og berre ei eining av typen prosjekt. Endringar i strukturen eller av type stad, dvs. endring av {StRef, SubS, NesteS}, kan berre skje i samsvar med krava i GB 4.

StRef gjev elles indirekte informasjon om kva slags beskrivande eigenskaper ein stad kan ha, dvs. kva klasser (subklasser) som kan ha einingar med referanse til ei stadeining av aktuell type. Sjå nærare om dette under dei ulike subklassene til Stad.


Stad: Adresse                                                                           15.03.02


Representerer adresser (veg- eller gateadresser) for unik identifikasjon av stader (einingar av klassa Stad).

Tabellskjema 2

Aktuell berre for bustader, dvs. StRefStad = 6. Adresser utan veg- eller gatenamn og/eller husnr blir ikkje godteke.

Attributt

Forklaring

StadID

referanse til stadeining, sjå Stad

SavRef

referanse til vegeining, sjå Stad: Adresse: Veg

Husnr

husnummeret i adressa (inkl. oppgang)

Husnr omfattar ev. bokstav(ar) for oppgang, og kan òg omfatte fleire nummer. Husnr er derfor ikkje eit nummer i eigentleg forstand. Sjå elles BolignrSBustad for fullstendig bustadadresse som òg omfattar leilegheitsnr.

Attributtane {SavRef, Husnr} dannar til saman ein unik nøkkel for settet med adresseeiningar.

Attributtverdien til Husnr kan endrast direkte av brukaren, medan SavRef blir bestemt av dei tilsvarande verdiane til {Tettstad, Vegnamn}SAVeg, sjå klassa Stad: Adresse: Veg. Endring av verdiane til {Tettstad, Vegnamn}SAVeg skjer ved oppslag mot settet med vegeiningar, og fører ev. til oppretting av nye einingar eller sletting av ikkje lenger brukte. Sletting av adresseeiningar kan derfor medføre tilsvarande sletting av vegeiningar.

Adresseeiningar er både eksistens- og identifikatoravhengige av stadeiningar.


Stad: Adresse: Veg                                                                  15.03.02


Sett med unike veg- eller gatenamn for oppslag og bruk i bustadadresser (einingar av klassa Stad: Adresse).

Tabellskjema 3

Settet med vegeiningar utgjer ein kompakt lagringsmåte for veg- og gatenamn i adresser.

Attributt

Forklaring

SavRef

unik identifikasjon av kvar vegeining

Tettstad

ev. namn på tettstad, for å skilje elles like vegadresser

Vegnamn

namn på veg el. gate

Teljar

referanseteljar

Attributtane {Tettstad, Vegnamn} utgjer ein unik nøkkel for eit sett med vegeiningar, men det vil vera unødvendig å nytte Tettstad anna enn i dei tilfella der eit konkret prosjekt omfattar fleire tettstader med same veg- eller gatenamn. Teljar viser kor mange referansar det er oppretta til kvar enkelt eining. Dersom Teljar for ei eining blir redusert til 0 blir eininga sletta.

Oppretting og sletting av vegeiningar skjer i samsvar med redigering av verdiane til {Tettstad, Vegnamn} i dei enkelte adresseeiningane.