I denne lista finn du oversyn over bygdebokband der informasjonen om folk er sett saman ved hjelp av BSS, prosjekt der BSS er i aktivt bruk og programoppdateringar. Lista over publiserte bygdebokband er ikkje komplett.
· 10.2.2012: Orienteringsmøte på Jutulheimen, Vågåmo om korleis ei bygdebok for Vågå kan leggast opp med bruk av BSS.
· November 2011: Busetnadssoga for Volda band 4b lansert,
· Oktober 2011: HBR-søknaden nådde ikkje opp i konkurransen i Noregs Forskingsråd. prosjektgruppa arbeider vidare.
· August 2011: Revidert søknad om storskala infrastrukturmidlar levert Noregs Forskingsråd
· Juni 2011: Rapport frå forprosjektet for Historisk befolkningsregister
· Mai 2011: HBR-søknaden passerte første runde og prosjektet vart invitert til å levere revidert søknad til runde 2
· Desember 2010: Busetnadssoga for Volda band 5 lansert.
· Desember 2010: Herøyboka. Heimar og Folk band 2 lansert.
· Oktober 2010: søknad om løyving til hovudprosjekt for Historisk befolkningsregister (HBR) sendt Noregs Forskingsråd (program for storskala infrastruktur)
· BSS bestilt av Surnadal kommune i august 2010 for nyskriving / oppdatering av deira bygdebøker (arbeidet tek til når dei har registrert ferdig kjeldene)
· BSS teke i bruk 21. juni 2010 av PhD-stipendiat Mette Vårdal ved Høgskulen i Volda i arbeidet med analyse av embetsfolkas fadderrelasjonar i Vågå prestegjeld i siste halvdel av 1700-talet og første halvdel av 1800-talet som del av Strategisk høgskuleprosjekt: Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder: http://www.hivolda.no/shp-kultur
· BSS teke i bruk 6. mai 2010 av masterstudent ved Høgskulen i Volda Grethe Sliper i arbeidet med analyse av embetsfolkas fadderrelasjonar i Herøy prestegjeld på Sunnmøre 1731—1843 som del av Strategisk høgskuleprosjekt: Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder: http://www.hivolda.no/shp-kultur
· Herøyboka. Heimar og Folk band 1 lansert desember 2009
· BSS teke i bruk av Bardu bygdebok desember 2009
· Sula-soga serie 1 band 6 (registerband) levert november 2009
· BSS teke i bruk for bygdebok for Ullensvang herad oktober 2009.
· 4. september 2009: ein søknad om 2 mill. kr til forprosjekt for A Longitudinal Historical Population Register (HBR) der BSS og Høgskulen i Volda er partnar saman med RHD ved Universitet i Tromsø, Riksarkivet, Statistisk sentralbyrå, Norsk Regnesentral, Norsk lokalhistorisk institutt, Folkehelseinstituttet og Universitetet i Oslo, vart innvilga av Noregs Forskingsråd. Det ligg inne ca 4 månadsverk til vidareutvikling av BSS i dette forprosjektet, som i neste omgang vil søkje om midlar til å etablere ei permanent historisk befolkningsregister for Noreg.
· BSS teke i bruk av Vang historielag for Vangsboka mars 2009
· Sula-soga serie 1 band 5 lansert desember 2008
· Sula-soga serie 1 band 4 lansert august 2008
· BSS teke i bruk av Stor-Elvdal bygdebok juni 2008
· BSS teke i bruk av Haram Bygdebok AS i april 2008
· Busetnadssoga for Volda band 3 lansert 12. desember 2007
· BSS teke i bruk av Herøy sogelag til utgjeving av 4 nye band av Herøybøkene i juni 2007. Dei nye bøkene skal dekkje kommunen etter ca 1920.
· Sula-soga serie 1 band 3 trykt desember 2006, lansert ca 20. januar 2007
· Busetnadssoga for Volda band 2 lansert 9. desember 2006
· BSS teke i bruk for Gårds- og slektshistorie for Høland og Setskog i mai 2006. Bind 5 Gnr 100-119 vart utgjeve i 2007.
· Sula-soga serie 1 band 2 lansert 20. desember 2005
· Busetnadssoga for Volda band 1 lansert 3. desember 2005
· Sula-soga serie 1 band 1 lansert 9. desember 2004
· Programmet vart teke i bruk i full skala av Ole Martin Sørumgård med Sula-soga serie 1 Busetnadssoga og av Olav Myklebust med Busetnadssoga for Volda (eiga oppdatert vevside) i mai 2004
Utlagt 16.1.2009