LittReg

Brukarrettleiing

Av Ola Tovmo

Døma i skjermbileta er bygd på registreringar for prosjektet «Sula-soga», av Jens Johan Hyvik

Innhald:

Innleiing. 2

Hovudskjermbiletet 2

Lagring. 4

Visning av enkeltpostar - registrering. 4

Kjelde. 4

Registrering av overordna nivå / serier 6

Emne. 6

Nytt emne. 7

Slett emne (kopling til emne) 8

Lagring. 8

Personar 8

Opplysningar knytt til person. 9

Relasjonar 9

Stadnamn knytt til person. 11

Ny person. 12

Vel person. 12

Slett person. 12

Lagring. 12

Stader 13

Opplysningar om stad. 13

Ny stad. 14

Vel stad. 14

Slett stad. 15

Lagring. 15

Listevisning. 15

Søk. 16

Søk i enkeltfelt 16

Søk i kjelde (samansett søk) 17

Søk etter person (samansett søk) 18

Søk etter stad (samansett søk) 20

Oversyn over snarvegar 21

Menyval 21

Val av skiljeark. 21

Generelle ved registrering. 22

Ekstra ved registrering av person. 22

Søking / filtrering. 22

Museklikk i liste. 22

Innleiing

LittReg kan brukast til registrering av opplysningar frå ulike informasjonskjelder. Dei vanligaste vil truleg vere bøker, års-/tidsskrift og aviser. Ein kan òg registrere opplysningar frå ulike typar korrespondanse (brev, postkort, e-post), foto (eigen modul FotoReg under utvikling) m.m.

For kvar bok, artikkel, brev eller liknande kan ein registrere:

På alle desse kan ein registrere eigne merknader med ubegrensa lengde i eigne fritekstfelt.

Ein kan òg registrere kjeldeopplysningar på fleire ”nivå”. T.d. kan ein registrere ei årbok eller ein tidsskriftserie med opplysningar om utgjevar, år m.m. Etterpå kan ein registrere dei einskilde artiklane og knytte dei til boka eller tidsskriftet.

Hovudskjermbiletet

Ved oppstart av programmet kjem ein rett inn på hovudskjermbiletet (fig. 1).

Figur 1 - Hovudskjermbiletet ved oppstart

Dette har to nivå med skiljeark. På det øvste nivået kan ein veksle mellom å vise opplysningar frå Enkeltpostar, eller Listevisning som viser alle postane som er registrert i den aktuelle basen.

All registrering skjer ved visning av enkeltpost, mens liste-visninga kan brukast til sortering og filtrering av postar for enklare attfinning.

Ved visning av enkeltpost er det eigne skiljeark for registrering av opplysningar om sjølve kjelda, emne, personar og stader. Knapperada til høgre gjeld heile tida for det skiljearket ein er inne på.

Ny (Alt-N) tømmer skjermbiletet og  gjer klar for registrering av ein ny post av den typen ein står inn på (ny kjeldepost når skiljearket Kjelde er framme, ny person når Person er framme).

Angre (Alt-A) stiller attende endringane ein har gjort på det skiljearket som er framme. Dersom ein held på med ein ny post blir denne blanke ut, og den førre posten henta fram att.

Slett (Alt-T) sletter koplinga mellom kjelde og emne, kjelde og person, eller mellom kjelde og stad (avhengig av kva skiljeark som er framme). Dersom det ikkje er andre kjeldepostar som er kopla til personen eller staden blir òg opplysningane om personen eller staden sletta. Emne vert ikkje sletta sjølv om det ikkje er andre kjeldepostar som er kopla til dei.

Sjølve kjeldeposten kan berre slettast dersom han ikkje er kopla til emne, personar eller stader. Skal ein slette ein kjeldepost må ein difor fyrst slette alle koplingar til emne, personar og stader.

Velg (Alt-V) er tilgjengeleg berre ved registrering av personar og stader. Ein kan med denne velje å opprette ei kopling mellom den kjeldeposten ein registrerer og ein person eller stad som allereie er registrert i samband med ein annan kjeldepost. Før ein opprettar ei slik kopling må ein vere sikker på at det verkeleg er rett person eller stad ein opprettar kopling til.

Ok (Alt-O) lagrar opplysningane på det synlege skiljearket og ein vert ståande på den same posten og same skiljearket.

Angre (Alt-A) stiller attende endringane ein har gjort på det skiljearket som er framme. Dersom ein held på med ein ny post blir denne blanke ut, og den førre posten henta fram att.

Slett (Alt-T) sletter koplinga mellom kjelde og emne, kjelde og person, eller mellom kjelde og stad (avhengig av kva skiljeark som er framme). Dersom det ikkje er andre kjeldepostar som er kopla til personen eller staden blir òg opplysningane om personen eller staden sletta. Emne vert ikkje sletta sjølv om det ikkje er andre kjeldepostar som er kopla til dei.

Sjølve kjeldeposten kan berre slettast dersom han ikkje er kopla til emne, personar eller stader. Skal ein slette ein kjeldepost må ein difor fyrst slette alle koplingar til emne, personar og stader.

Velg (Alt-V) er tilgjengeleg berre ved registrering av personar og stader. Ein kan med denne velje å opprette ei kopling mellom den kjeldeposten ein registrerer og ein person eller stad som allereie er registrert i samband med ein annan kjeldepost. Før ein opprettar ei slik kopling må ein vere sikker på at det verkeleg er rett person eller stad ein opprettar kopling til.

Ok (Alt-O) lagrar opplysningane på det synlege skiljearket og ein vert ståande på den same posten og same skiljearket.

Knappane med piler for å bla gjeld likevel sjølve kjeldepostane uansett kva skiljeark som er framme. Når ein blar frå post til post med pilknappane vil heile tida det same skiljearket stå framme.

Lagring

Opplysningane ein har skreve inn vert automatisk lagra kvar gong ein bytter skiljeark (kjelde, emne, person stad eller enkeltpost, liste). Dei vert også lagra når ein blar til ein annan post, eller når ein ber om å få oppretta ein ny post.

På skiljearket Kjelde vert ein spurd om ein vil lagre endringar. På dei andre skiljearka blir alle endringar lagra automatisk.

Visning av enkeltpostar - registrering

Kjelde

Medium

Vel type kjelde/medium frå ei nedtrekksliste. Dersom ein treng andre kjeldetypar kan ein gå inn på Verktøy på hovudmenyen og velje Systemtabeller – Kjeldetyper og registrere sine eigne kjeldetypar. Dette feltet må fyllast ut.

ISBN

Eventuelt ISBN eller ISSN nummer for bøker eller tidsskrift.

Tittel

Tittel på boka, artikkelen e.l.

Kjeldeskapar (= forfattar for bøker og artiklar).

Dersom det er berre ein person og denne er registrert frå før kan ein velje denne direkte frå nedtrekkslista. Dersom det er ein ny person, eller fleire personar må ein klikke knappen til høgre for nedtrekkslist1a (”meire”).

Ein får da ein eigen dialogboks (fig. 2) som syner alle opphavspersonar/forfattarar og kva for ein/nokre som er vald. Ein kan flytte ein person frå den eine lista til den andre ved å dobbeltklikke på namnet. Ein kan òg markere namnet (ved å flytte i lista med piltastane) og trykke den eine av pilknappane (til venstre eller høgre), eller bruke knappane Legg til for å velje ein person, eller Fjern for å flytte attende ein person som har vorte vald ved eit mistak. Når ein har valde dei personane ein skal må ein avslutte med Ok.

Figur 2 - Dialogboks for val av fleire forfattarar

Skal ein ha ein ny heilt person må ein klikke Ny og får opp ein ny dialogboks for registrering (fig. 3). Her kan ein klikke Ny og registrere fleire personar før ein stengjer denne. Når ein klikkar Ok blir den/dei ny(e) person(ane) ein har registrert automatisk lagt til i lista på venstre side med Valde opphavspersonar.

Figur 3 - registrering av ny opphavsperson

Ein kan òg registrere (og endre) opphavspersonar uavhengig av kjeldepost ved å gå inn på hovudmenyen på Registrer og Opphavsperson.

Utgjevar

Ein vel utgjevar frå ei nedtrekksliste kor ein òg kan skrive. Når ein skriv får ein fram det fyrste valet som stemmer med den teksta ein skriv. Når ein skriv inn namn som ikkje finst i lista frå før vert det automatisk lagra, og kan hentast fram att seinare.

NB. Pass på bruken av store og små bokstaver da denne lista gjer forskjell på dei. Skriv ein med liten forbokstav vil ein ikkje få treff på namn som er skrive med stor bokstav (og motsett).

Henvisning

Opplysningar om kor i kjelda (t.d. sidetal) ein finn dei opplysningane ein er interessert i.

Arkivering

Opplysningar om kor kjeldematerialet er arkivert, t.d. kva kontor/arkiv, ringperm, arkivboks o.l.

Tidsskrift / serie

Ein kan her velje årbok, tidsskrift e.l. liknande som artikkelen er ein del av. For å kunne gjera dette må ein fyrst registrere sjølve årboka eller tidsskriftet, og på denne registreringa krysse av at det er Serie/artikkelsamling (overordna nivå). Alle registreringar kor dette er kryssa av blir vist i nedtrekkslista for tidsskrift/serie.

I staden for å velje tidsskrift/serie direkte frå nedtrekkslista kan ein klikke ”meire”-knappen og få opp ein eigen dialogboks (fig. 4) som gjev litt meir utfyllande opplysningar for val av tidsskrift/serie.

Figur 4 - dialogboks for val av tidsskrift / serie

Det er ikkje mogleg å registrere emne, personar eller stader for ein serie eller artikkelsamling (post som er kryssa av som overordna). Det er heller ikkje mogleg å seie at ei registrering skal vera serie/artikkelsamling dersom ein allereie har registrert emne, personar eller stader som er kopla til denne. Da må ein fyrst oppheve koplinga til desse.

Merknad

Fritekstfelt kor ein kan leggje inn merknader knytt til sjølve kjelda, men ikkje opplysningar om sjølve innhaldet.

Referat

Fritekstfelt kor ein kan skrive eit referat med opplysningar om sjølve innhaldet i kjelda ein registrerer.

Registrering av overordna nivå / serier

Dette kan gjerast på fleire måtar.

Alternativ 1.

Ein kan registrere heile serien Årbok for Gudbrandsdalen som bok (eller årbok) og krysse av at dette er Serie/artikkelsamling. Så registrerer ein artiklane i dei ulike årgangane med opplysningar om tittel, år osv og koplar desse til Tidsskrift/serie : Årbok for Gudbrandsdalen.

Alternativ 2.

Ein kan registrere kvar einskild årgang av Årbok for Gudbrandsdalen som bok (eller årbok) og krysse av at dette er Serie/artikkelsamling. Så registrerer ein artiklane i kvar einskild årgang og koplar desse til rett årgang når ein vel kopling til Tidsskrift/serie.

Alternativ 3.

Ein kan og kombinerer dei to alternativa ovanfor, ved å ha tre nivå. Ein kan ha ei registrering for heile serien Årbok for Gudbrandsdalen, så eigne registreringar for kvar årgang og til slutt registreringar av dei einskilde artiklane knytt opp mot kvar sin årgang.

Emne

Dette skiljearket er delt i to (fig. 5).. Øvst er det ei liste som syner dei emna som er kopla til kjelda. Ein kan sortere lista alfabetisk ved å klikke på overskrifta i den kolonnen ein vil ha sortert. Nedst til høgre er det felt som syner detaljer knytt til det emne som er markert i lista ovanfor, og nedst til venstre ei liste som syner kva emneord ein kan velje blant.

Det er lagt inn ein del faste emneord som ein kan velje blant som er ordna hierarkisk i to nivå.

Nytt emne

For å leggje til opplysningar om eit nytt emne må ein trykke Ny (Alt-N), og deretter velje emne frå liste i nedre venstre hjørne. For kvart emne som ein koplar til kjelda kan ein registrere eigne tilvisingar, stikkord og merknader.

Hovudemne og underemne

Ein vel emne ved å flytte markøren til rett emne (hovudemne og underemne), og dobbeltklikke eller trykke <enter>. Når ein vel eit underemne blir det tilhøyrande hovudemnet automatisk med. Ein kan òg velja berre eit hovudemne (utan tilhøyrande underemne).

NB. Dersom ein dobbeltklikkar eit emneord utan fyrst å ha vald Ny vil ein erstatte emneorda i det emnet som er markert i lista ovanfor med dei nye emneordet.

Ein kan redigere emnelista, og leggje til nye emne ved å gå inn på Verktøy på hovudmenyen og velje Systemtabeller – Emner.

Henvisning

Tilvising til kor det valde emnet er nemnt, t.d. sidetalet i boka kor dette er omtald.

Stikkord og merknad

Fritekstfelt kor ein kan leggje inn stikkord og utfyllande merknader til emnet i den aktuelle kjelda.

Figur 5 - skiljeark for opplysningar om emne

Slett emne (kopling til emne)

Når ein sletter eit emne sletter ein koplinga mellom kjelda og emnet, og dei stikkorda og merknadene ein har registrert. Sjølve emneorda blir ikkje sletta frå lista over emneord. Dersom ein vil slette sjølve emneorda må ein gå inn på Verktøy på hovudmenyen og velje Systemtabeller – Emner. Det er ikkje mogleg å slette emneord som allereie er kopla til ein eller fleire kjeldepostar.

Lagring

Endringar for emne vert automatisk lagra når ein:

Personar

Skiljearket for personar er òg delt i to (fig. 6). Øvst er det ei liste som syner dei personane som er kopla til denne kjelda. Ein kan sortere lista alfabetisk på ein kolonne (t.d. fornamn) ved å klikke på overskrifta til kolonnen. Nedst er det felt som syner detaljane i registreringa til den personen som er markert i lista ovanfor.

Ein kan registrere nye personar, eller ein kan velje å kople ein person som er alt er registrert til kjeldeposten. Til kvar person kan ein òg registrere familierelasjonar til andre personar som er nemnd i den same kjelda, og ein kan registrere stader (stadnamn) som skal koplast til personen (t.d. fødestad og bustad).

Figur 6 - skiljeark for opplysningar om person

Opplysningar knytt til person

Namn, kjønn og årstal

Fornamn og kjønn må fyljast ut med dei opplysningane ein har frå kjelda. Dersom ein har personar kor det ut frå opplysningane i kjelda ikkje er råd å avgjere kva kjønn det er må ein velje å registrere !! for kjønn.

Henvisning

Tilvising til kor personen er nemnt, t.d. sidetalet i boka kor han er omtald.

Merknad

Fritekstfelt for utfyllande opplysningar om personen i denne kjelda.
Dersom ein person vert kopla til fleire kjeldepostar får ein registrert eigne merknader i kvart einskild tilfelle.

Relasjonar

Ein kan her registrere (og redigere) familierelasjonar til andre personar som er registrert i samband med denne kjelda (fig. 7). For å kunne registrere familierelasjonar må den andre personen som ein skal opprette ein relasjon til allereie vere registrert.

For å registrere ein ny familierelasjon må ein klikke Relasjonar (Alt-R). For å redigere ein eksisterande relasjon må ein flytte markøren ned i lista over relasjonar, og dobbeltklikke eller trykke <enter> på den relasjonen som skal endrast.

Figur 7 - registrering av familierelasjonar

Ein vel her kva type relasjon det er snakk om, og kven hovudpersonen har denne relasjonen til. For ein del relasjonar, t.d. ektefelle og sambuar kan det òg vere aktuelt å registrere tidspunkt.

Når ein registrerer nye relasjonar vil ein heile tida registrere kva slags relasjon hovudpersonen har til den andre personen ein vel. Dette er markert ved at det står til framfor namnet til den andre personen (sjå fig. 7).

Figur 8 -  familierelasjon ("motsatt" veg)

Dersom ein går inn på den andre personen i relasjonen i dømet ovanfor står den same relasjonen, men no utan til framfor namnet(sjå fig. 8). Både ved registrering og spesielt ved redigering av familierelasjonar må ein derfor vere nøye med at relasjonane vert registrert rett veg.

Ny relasjon

Når ein fyrst er inne i dialogboksen for relasjonar kan ein klikke Ny (Alt-N) for å registrere fleire relasjonar for hovudpersonen.

Slette relasjon

For å slette ein relasjon må ein opne dialogboksen for redigering av relasjonen og velje knappen Slett (Alt-T) der.

Redigere koder for familierelasjonar

Saman med programmet ligg det ei liste med omlag 60 ulike familierelasjonar. Ein kan redigere lista over familiekoder, og leggje til nye emne ved å gå inn på Verktøy på hovudmenyen og velje Systemtabeller – Familierelasjonar.

Ein bør prøve å halde seg til så få og enkle kodar som mogleg. Så sant det er mogleg bør ein bruke kodar for barn og foreldre, og ikkje gå direkte mellom barnebarn  og besteforeldre.

Stadnamn knytt til person

Ein kan her registrere stader (stadnamn) som er knytt til personen ein registrerer. Det kan vere bustad, fødestad eller stader han har flytt frå eller til (fig. 9).

For å registrere ein ny tilknytning til stad må ein klikke Bustad, fødestad ...(Alt-B). For å redigere opplysningar om ein stad som allereie er knytt til personen må ein flytte markøren ned i lista, og dobbeltklikke eller trykke <enter> på den staden som skal redigerast.

Figur 9 - registrering av stadnamn for person

Stad og kommune

I nedtrekkslista for stad kan ein velje blant stadnamn som alt er registrert som ein vil knytte til personen ein registrerer. Kommune er fast knytt til stadnamnet og kan ikkje endrast her.

Type

Her må ein velje kva slags tilknyting staden har til personen (fødestad, bustad, stad ein har flytt til, stad ein har flytt frå).

Ein kan redigere lista over type stader, og leggje til nye typar ved å gå inn på Verktøy på hovudmenyen og velje Systemtabeller – Type stader.

Frå og til

Her kan ein redigere perioden (åra) som personen er knytt til denne staden. Dersom ein har meir eksakte tidspunkt (t.d. dato for flytting) kan ein klikke ”meire” knappen ved sida av tidspunktet for å registrere nøyaktige datoar.

Ny koping til stadnamn

Inne i denne dialogboksen kan ein registrere kopling til fleire stader ved å trykke Ny (Alt-N).

Slette kopling til stadnamn

For å slette kopling til stad må ein hente fram dialogboksen for å registrere kopling til stad (fig. 9), og velje Slett (Alt-T). Dersom det ikkje er andre personar som er kopla til dette stadnamnet vert sjølve stadnamnet samtidig sletta frå lista over stadnamn.

Nytt stadnamn

For å registrere eit heilt nytt stadnamn, eller endre på eit eksisterande stadnamn, må ein klikke ”meire” knappen ved sida av stadnamnet (fig. 9). Ein får da ein liten dialogboks (fig. 10) kor ein skriv inn stadnamnet og vel kva kommune det høyrer til.

Figur 10 - registrering av nye stadnamn

Ny person

Med knappen Ny (Alt-N) får ein blanka ut felta for å registrere opplysningar om ein heilt ny person.

Vel person

Med knappen Velg (Alt-V) får ein opp ein dialogbokse (fig. 11) kor ein kan velje person frå ei liste over alle personar som er registrert.

Lista kan sorterast på 3 ulike måtar, (fornamn, etternamn (fødenamn) og nytt etternamn) ved at ein kryssar av for sortering i øvste høgre hjørnet. Ein kan så søkje etter namn ved å skrive inn namnet i dei to felta nedanfor.

Figur 11 - liste for val av person som skal koplast til kjelde

Dersom ein finn personen som skal registrerast (og er heilt sikker på at det er same person) bruker ein Velg (Alt-V). Ein får da flytta over dei opplysningane som allereie finst om personen til registreringsfelta i skiljearket for person, og kan fylle ut tilvising og merknader som er knytt til koplinga mellom personen og denne kjelda.

Slett person

Med Slett (Alt-T) kan ein slette koplinga mellom ein person og kjelda. Dette kan ein berre gjere dersom personen ikkje har relasjonar eller stadnamn knytt til seg. Elles må desse koplingane slettast før koplinga mellom person og kjelde kan slettast.

Dersom personen ikkje er kopla til andre kjeldepostar vil òg opplysningane om sjølve personen bli sletta samtidig med at koplinga blir oppheva.

Lagring

Endringar for ein person vert automatisk lagra når ein:

Stader

Skiljearket for stader (fig. 12) er delt i to på same måte som for personar. Øvst er det ei liste som syner dei stadene som er kopla til denne kjelda. Ein kan sortere lista alfabetisk på ein kolonne (t.d. gard/stad) ved å klikke på overskrifta til kolonnen. Nedst er det felt som syner detaljane i registreringa til den staden som er markert i lista ovanfor.

Ein kan registrere nye stader, eller ein kan velje å kople ein stad som er alt er registrert til kjeldeposten.

Opplysningar om stad

Gard / stad

Namnet som blir registrert her kan gjelde stadnamn på nær sagt alle nivå, frå særs lokale stadnamn, namn på ein gard eller bustad, til namn på ei grend eller eit område, ein tettstad, ei kommune eller eit enno større område.
Dette feltet skal alltid vera utfylt.

Grend

Dersom namnet ovanfor gjeld ei avgrensing som er ei grend eller mindre kan ein registrere grendenamnet her.

Kommune

Dersom namnet på gard/stad er eit namn innan ein kommune kan ein velje kommunen her. Dersom namnet gjeld eit område som ikkje er avgrensa til ein kommune let ein feltet for kommune stå tomt.

Figur 12 - skiljeark for opplysningar om stad

Gards-, bruks- og festenummer

Desse kan registrerast når ein har ein stad med eigne nummer som er oppgjeve i kjelda ein registrerer. Elles let ein desse stå tomme.

Henvisning

Tilvising til kor staden er nemnt, t.d. sidetalet i boka kor han er omtald.

Merknad

Fritekstfelt for utfyllande opplysningar om staden i denne kjelda.
Dersom ein stad vert kopla til fleire kjeldepostar får ein registrert eigne merknader i kvart einskild tilfelle.

Ny stad

Med knappen Ny (Alt-N) får ein blanka ut felta for å registrere opplysningar om ein heilt ny stad.

Vel stad

Med knappen Velg (Alt-V) får ein opp ein dialogboks (fig. 13) kor ein kan velje stad frå ei liste over alle stader som er registrert.

Figur 13 - liste for val av stad som skal koplast til kjelde

Lista kan sorterast på 2 ulike måtar, (namn på gard/stad og på gards- og bruksnummer). Når ein skriv inn eit søkjekrav i felta til høgre, vert lista automatisk sortert etter kva for ei opplysning ein søkjer på.

Dersom ein finn staden som skal registrerast (og er heilt sikker på at det er same stad) bruker ein Velg (Alt-V). Ein får da flytta over dei opplysningane som allereie finst om staden til registreringsfelta i skiljearket for stad, og kan fylle ut tilvising og merknader som er knytt til koplinga mellom staden og denne kjelda.

Slett stad

Med Slett (Alt-T) kan ein slette koplinga mellom ein stad og kjelda.

Dersom staden ikkje er kopla til andre kjeldepostar vil òg opplysningane om sjølve staden bli sletta samtidig med at koplinga blir oppheva.

Lagring

Endringar for ein stad vert automatisk lagra når ein:

Listevisning

I listevisning blir i utgangspunktet alle kjeldepostane som er registrert vist med ei eller fleire liner for kvar post. Dei kjeldepostane kor det er registrert fleire opphavspersonar får fleire liner, ei for kvar opphavsperson. Dette kan synest unødvendig når lista er sortert etter t.d. ID eller Tittel, men kjem godt med når ein sorterer ho etter fornamn eller etternamn på opphavsperson.

For å byte mellom visning av enkeltpostar og liste kan ein bruke snarvegen Ctrl-Tab.

Figur 14 - listevisning

I listevisning er det nokre få enkle operasjonar som ein kan gjere direkte på lista:

·        velje ein post ved å dobbeltklikke på han, eller trykke <enter> når posten er markert. Ein bytter da automatisk over til enkeltpostvisning av den markerte posten.

·        sortere lista alfabetisk ved å klikke på overskrifta til ein kolonne. Når ein klikker fleire gonger vil den bytte mellom stigande og synkande sortering.

·        filtrere lista på ein bestemt verdi ved å stå med musepeikaren på ei opplysning, høgreklikke og velje filtrer.

·        hente fram att den fullstendige lista ved å høgreklikke og vel alle (Alt-A)

Ein kan godt sortere ei liste som allereie er filtrert, og ein kan gjere fleire filtreringar etter kvarandre for å avgrense utvalet av postar som blir vist.

Søk

Valet Søk på hovudmenyen gjer fire alternativ for søk: søk i enkeltfelt, og samansette søk etter kjelde, person og stad.

Søk i enkeltfelt

Her får ein opp ein enkel dialogboks med eit felt for kvar av dei kolonnane som synest i listevisning. Når ein byrjar skrive i eit av felta vil lista automatisk bli sortert etter denne opplysninga og markøren i lista vil flytte seg til den posten kor verdien er nærast det søkekravet som blir oppgjeve.

Dialogboksen for søk i enkeltfelt kan brukast på same måte om ein står i visning av enkeltpost, og ein vil automatisk få fram den posten som samsvarer best med søkekravet.

Dialogboksen vil heile tida ligge på øvst og ikkje bli gøymt bak hovudskjermbiletet.

NB. Søket kombinerer ikkje verdiane frå fleire felt. Det søker berre ut frå verdien i det feltet kor ein har markøren og skriv inn søkekrav.

Figur 15 - søk i einskilde felt i kjelde

Søk i kjelde (samansett søk)

Ved avansert søk i kjelde får ein opp ein dialogboks (fig. 16) kor ein kan velje kva felt det skal søkast i, korleis søket skal utførast (operator) og kva verdi ein vil søke etter.

Ein kan kombinere inntil 3 søkekrav med logisk OG (krava må vere oppfylte samtidig) eller logisk ELLER (det eine og/eller det andre kravet må være oppfylt).

Figur 16 - dialogboks for søk i kjelde

Når ein søker får ein opp det utvalet av postar som passer med søkekravet i listevisning (fig. 17).

Figur 17 - eks. på resultat av samansett søk i kjelde

Med søk i fritekst (søk etter ord i referat og merknader) kan ein søke etter heile ord eller deler av ord som er brukt i referat og merknadsfelt. Ein kan og søke etter ord (eller deler av ord) i tittelen ved å velje operatoren inneholder når ein søker etter tittel.

For å få vist alle postane att må ein anten høgreklikke i lista og velje Alle, gå inn på hovudmenyen Søk - Opphev filter, eller bruke snarvegen Ctrl-A.

Søk etter person (samansett søk)

Ved søk etter person får ein opp ein dialogboks (fig. 18) kor ein kan velje kva felt ein vil søke i, og korleis søket skal utførast. Resultatet av søket kjem i lista over søkefelta. Denne lista kan òg sorterast på vanleg måte ved å klikke på overskrifta over kvar kolonne.

Figur 18 - eksempel på samansett søk etter person

Kvar person som er funne kan vere nemnt i ein eller fleire kjeldepostar. For å få vist kjeldepostane for kvar einskild person må ein gå inn på personlista og dobbeltklikke på personen (eller trykke <enter> når ein person er markert). Kjeldepostane kor personen er nemnt blir da vist i den vanlege listevisninga for kjeldepostar. Ved å dobbeltklikke (eller trykke <enter>) på denne kjeldeposten bytter ein over og viser enkeltposten med fokus på den aktuelle personen (fig. 19)..

Figur 19 - visning av person funne ved søk

Søk etter stad (samansett søk)

Ved søk etter stad får ein opp ein dialogboks (fig. 20) kor ein kan velje kva felt ein vil søke i, og korleis søket skal utførast. Resultatet av søket kjem i lista over søkefelta. Denne lista kan òg sorterast på vanleg måte ved å klikke på overskrifta over kvar kolonne.

Figur 20 - eksempel på samansett søk etter stad

Kvar stad som er funne kan vere nemnt i ein eller fleire kjeldepostar. For å få vist kjeldepostane for kvar einskild stad må ein gå inn på lista over stader og dobbeltklikke stadnamnet (eller trykke <enter> når eit stadnamn er markert). Kjeldepostane kor staden er nemnt blir da vist i den vanlege listevisninga for kjeldepostar. Ved å dobbeltklikke (eller trykke <enter>) på denne kjeldeposten bytter ein over og viser enkeltposten med fokus på den aktuelle staden (fig. 21)..

Figur 21 - visning av stad funne ved søk

Oversyn over snarvegar

Menyval

Alt-R          Hovudmeny – Registrer

                  O   -     Opphavsperson / forfattar

                  U   -     Utgjevar

Alt-S          Hovudmeny – Søk

                  E    -     Søk – enkeltfelt

                  K   -     Søk – kjelde

                  P    -     Søk – person

                  S    -     Søk – stad

Alt-V         Hovudmeny – Verktøy

                  B    -     Bytte database

                  S    -     Systemtabeller

                  R    -     Reindeksere  (førebels ikkje tilgjengeleg)

Val av skiljeark

Ctrl-Tab     Bytte mellom enkeltpost og listevisning

Alt-E          Visning av enkeltpost

Alt-L          Visning av liste

Alt-K         Kjelde - hovudpost

Alt-M         Emne

Alt-P          Personar       

Alt-D         Stader

Generelle ved registrering

Alt-T          Slett

Alt-G         Velg

Alt-N         Ny

Alt-A         Angre

Alt-O         OK

Ekstra ved registrering av person

Alt-J           Relasjoner for person

Alt-B          Bustad, fødestad for person

Søking / filtrering

Ctrl-S         Hurtigsøk i kjelde

Ctrl-F         Samansett søk i kjelde

Ctrl-A        Vis alle postar i liste

Museklikk i liste

Dobbeltklikk eller <enter> på markert post i liste – vise / søke fram underliggande data

Klikk på overskrift i liste – sortere på kolonnen