
Diagrammet er ein annan variant enn dei som er nytta i detaljdokumentasjonen av kvar enkelt tabell. Det kan òg vera nytta litt andre omgrep for dei ulike attributtane. Ein rask oversikt over skrivemåten:
* er nytta for å poengtere at dette ikkje er
ein «ekte» attributt, men står for anten ei repeterande gruppe med attributtar
(som må skiljast ut i eigne subklasser, t.d. tidspunkt), eller ei eigen,
tilknytt klasse ev. med sine tilsvarande subklasser (t.d. for oppslag av typer;
namnestrengar o.l.).
(FK): framandnøkkel (foreign key)
Referansane
mellom einingar av dei ulike klassene er elles teikna med «crows feet», slik at
kardinaliteten kan lesast direkte ut av diagrammet:

B
refererer til A, den oppretta referansen er 1 til 0 eller mange, dvs. ei eining
i klasse A kan vera knytt til 0, 1 eller fleire einingar i klasse B.
Elles viser
heiltrekte strekar at framandnøkkelen inngår som ein del av primærnøkkelen i
den refererande eininga. Slike eksistens/identifikatoravhengige einingar er òg
teikna med avrunda hjørne.
Lesja 3. mai
2006
Ole Martin Sørumgård