Bygdabok for Lom/Farm and genealogical history of Lom

«Bygdabok for Lom» er eit verk utgjeve av Lom kommune. Verket i fire bind inneheld «gards- og ættesoge», men er eigentleg historia om alle einskildbustadene i bygda og folket som har budd der frå gamal tid og til i dag. Ein finn altså ikkje berre stoff om gardane, men òg om alle husmannsplassar ein kan etterspore i kjeldematerialet. Ein finn óg informasjon om alle nyare bustadhus, om enn nokså kortfatta. I tillegg er det teke med også anna stoff knytt til grender, gardar og menneske.

«Ættesoga» er eigentleg eit befolkningsregister. Så langt kjelder og ressursar har gjeve høve, er det i verket forsøkt å identifisere alle menneske som har budd i bygda, og knyte dei til foreldre, born og bustad. På denne måten skal det vera råd å finne slektsinformasjon og dermed sette opp si eiga ættesoge, for alle som har røter i Lom.

I tillegg er verket gjennomillustrert, med gamle og nye bilete og nye kulturhistoriske kart. Mellom anna vil ein finne att alle bustader på desse karta.

Informasjon på heimesidene til Lom kommune.

Kart over gardar i Lom fram til ca 1660.

Databasar med stoff frå Lom på Digitalarkivet

Skanna kyrkjebøker frå Lom samla, hovudsoknet, Garmo og Bøverdalen

Døme: detaljkart over Blakar-Geisar (bd. 2 s. 496–97)

«Bygdabok for Lom» is a bygdebok published by Lom kommune (municipality). Even if the term is «farm and genealogical history», it is actually the history of all dwellings in the parish and basic information about the people who have lived here from the 1600-es up until today.

The bygdebok will be published in 4 volumes. Each volume has lots of illustrations, including maps that shows the location of each dwelling mentioned in the text, if the loctaion is known.

Information: Lom municipality homepage (Norwegian).

Map of named farms in Lom until ca 1660.

Example, detailed map of Blakar-Geisar (vol 2 page 496–97).

 

Band nr/ Volume


Innhald/Contents

Utg. år/
published

Sidetal / no. pages

Pris/
Price

1

Vårdalen til og med Graffer

2000

351

kr 500

2

Lii, Staurustgrendi og Strondi til og med Geisar

2002

570

kr 500

3

Fossbergom, Nesgrendi og Nedre Bøverdalen

2005

664

kr 500

4

Bøverdalen sokn (dalen frå og med Glømsdal og oppover)

    2007

554

kr 500

Bøkene kan kjøpast frå/Each volume can be purchased from: Lom kommune, N-2686 Lom, e-post/e-mail: post@lom.kommune.no

Utlagt på vevsidene til Høgskulen i Volda/Volda University College, by Arnfinn Kjelland, editor, 8.4.2005