Arnfinn Kjelland, Høgskulen
i Volda, 6100 Volda
Tlf 70 07 51 06 (a)/70
07 83 63 (p), e-post ak@hivolda.no
Volda, 10.12.2009
Da er dei fire banda av Busetnadssoga for Volda som tek for seg bygdene ferdige og utgjevne. No står sentrumsområdet inkludert Vikebygda att – og dette området utgjer ei viss utfordring pga. meir omfattande og annleis busetjing og meir inn- og utflytting.
Det er særleg busetnadsdelen i verket som utgjer utfordringa for band 4; dei delane der kvar einaste bustad skal nemnast med namn, fødselsdato og slektstilknyting for i prinsippet alle menneska som har budd der.
For alle dei utgjevne banda har vi fått god hjelp av bygdefolket. Men erfaringar frå andre slike bygdebokprosjekt gjer at vi er litt meir bekymra for sentrum – her er ikkje alle like interessert, og responsane som slike prosjekt får er mindre fullstendige. Det kan vere fleire grunnar, m.a. travlare kvardagar, meir flytting osv.
For å få denne prosessen skikkeleg i gang no ber vi derfor med dette alle som bur eller har budd i sentrumsområdet (med Vikebygda) og som har elektronisk post om sende litt informasjon til forfattaren av desse delane av verket, Olav Myklebust. Send ei melding til adresse olav.myklebust@hivolda.no med følgjande innhald:
Emne: Den adresse du og / eller din familie bur på i dag, eller for utflyttarar: den du budde sist på før du flytta frå sentrum.
Innhald: Namn og fødselsdato på hovudpersonar og barn som bur i huset no, eller for utflyttarar: som budde i bustaden før utflytting.
Myklebust vil da først kontrollere om den informasjonen han evt. har frå før om bustaden og deg / familien din er korrekt og tilstrekkjeleg. Viss ikkje, vil han sjølvsagt innarbeide det han får frå deg. Så tek han ei utskrift som han sender tilbake til deg pr e-post. Der stiller han òg gjerne nokre konkrete spørsmål viss det er informasjon om huset eller familien han manglar i høve den faste malen som er brukt i dei førre banda.
Gjer vel og send ein slik e-post så snart som muleg. Vonleg får Olav mange slike. Da kan det ta noko tid før du får tilbakemelding, men alle skal få svar. Viss du ikkje får svar i løpet av eit par veker, kan du ringe Myklebust på tlf. 70 07 50 17 eller 48 15 93 98 og spørje om han har fått meldinga di.
Det er i stor grad tilbakemeldingane frå dei som bur i sentrumsområdet, eller han budd her, som vil avgjere kor raskt vi får ut band 4 og fullføre heile prosjektet. Vi trur nok ikkje det er realistisk allereie i 2010, men det er eit kart mål at det kan skje i 2011.
Arnfinn Kjelland
prosjektleiar